Pressar på for vegdraum
Magnus Lindahl
Dyranuttunnelen på Hardangervidda har vore eit årelangt prosjekt. Styreleiar i Hardangervidda- tunnelene AS, Petter
Rukke, gir ikkje opp.
Tolmod er truleg beste eigenskapen ein må ha i arbeid med samferdselsplanar.
– Sjølv om me har drive på i ti år, veit me at dette tek tid. Ein må vere «heldig» og treffe. Me er inne i ein kritisk fase som
kan slå positivt ut. Me må halde trøkket, meiner Rukke.
Kinderegg
Ifølgje Hardanger Folkeblad sende Eidfjord kommune eit brev over Vidda til Hol kommune for ein månads tid sidan med
den 6,8 kilometer lange Dyranuttunnelen som tema. Begge kommunar er deleigarar i Hardangerviddatunnelene AS og
det har over lengre tid vorte arbeidd med å få gjennomslag for tunnelen politisk og økonomisk.
– Me ser på realiseringa av tunnelprosjektet som naturrestaurering i praksis, og trur det vil betra tilhøva for villrein og
anna naturmangfald, og dessutan bidra til auka tryggleik og trygg vinterregularitet på Rv7, heiter det i brevet.
Rukke er styreleiar i tunnelselskapet og samd med signala frå Eidfjord. Måndag var han også på eit møte i Eidfjord. Då
kom han med ei klar melding til Hardanger-regionen.
– Hardanger må meir på banen. Dette utfordra eg eidfjordingane på. Potensialet i vinterturisme her er større og meir
dragkraft må til. Men Vestland fylkeskommunen kjem meir no.
Buskerud fylkeskommunen er også positiv til tunnel. Kommunane kring Vidda og Hardangerrådet meiner det same.
– Bygginga av Dyranuttun
nelen er eit kinderegg: Sikrare ferdsel, beredskap og villrein, seier Rukke.
– Areal tilbake
Rv7 over Vidda er den raskaste og kortaste vegen mellom aust og vest. Trafikken aukar år for år og ligg no på rundt
1500 døgnpasseringar i året. Utfor
dringa er vinteren. Når uvêret set inn, er Rv7 den mest utsette fjellovergangen. I snitt er det 1000 stengetimar i året.
– Me veit at når Lærdalstunnelen stenger, vil trafikken auke på Rv7. Slik skal det vere i fem til sju år. Endra
køyremønster vil føre til meir trafikk, seier Rukke.
Dette kan det likevel gjerast noko med. Etter utgreiing av ulike alternativ har ein landa på fem korte miljøtunnelar som
den beste løysinga. Den viktigaste å starte med er Dyranuttunnelen på det høgste partiet på Hardangervidda, meiner
forkjemparane.
Tunnelen eit viktig bidrag i å sikre gode vinterbeite for villreinen. Reinen kan ta i bruk gamal trekkrute og på den måte
nytte seg av leveområda på både nord- og sørsida av Rv7.
– Området inn mot Hardangerjøkulen er viktig for reinen. Dette vil gi eit enormt areal tilbake til villrein, meiner Rukke.
Felles plan
Men korleis nå gjennom til statlege styresmakter som sit på pengesekken?
– Me må bygge nettverk og ha rett folk inne, seier Rukke, som også er leiar i samferdselsutvalet i Hallingdal.
Over nyttår skal dei ha møte med transportkomiteen. Nyvalt stortingsrepresentant Solveig Vestenfor (Ap) er
samferdselskontakt på Stortinget for Buskerud. Også NHO og Norges Lastebileigarforbund skal utfordrast for å hente
støtte.
Lokalt arbeider
kommunane på ulikt vis for tunnelplanane. I kommuneplanen i Eidfjord er
Dyranuttunnelens trasé lagt inn i tråd med konseptvalutgreiinga til Statens vegvesen
frå 2015. I brevet som vart sendt for ein månads tid sidan, bad Eidfjord Hol vurdere det same i arbeidet som no er i gang
med å rullere kommuneplanens arealdel.
Målet er å oppnå ei felles forankring på tvers av kommunegrensene for eit framtidig planarbeid.
Ordførar Sigrid Simensen Ilsøy (Sp) opplyser at administrasjonen i Hol har svara på brevet frå Eidfjord og vil ha kontakt
med nabokommunen om temaet. Førebels er det ikkje kome svar.